JONSOK CUP

30. juni 2012 kl. 15:00

 

Då er det endeleg klart for ny ”Jonsok Cup” i regi av Bulandet idrettslag!

Cupen blir på ”Bana” i Bulandet den 30. juni med oppstart kl 15:00.

 

Hovudtanken er først og fremst at bedrifter og lag/organisasjoner i Bulandet og Værlandet kan stille med lag, men det er lov å være litt kreative her - noko vi fekk erfare i fjor! :-)

 

På grunn av avviklinga må vi setje ei grense på maks 16 påmelde lag der bedriftslag blir prioriterte. Her er det berre å hive seg rundt!!

 

Vi stiller ein del kriterier for lag som vil delta:

-         5 spelarar på kvart lag med evt. 1 eller 2 innbyttarar.

-         Må være minst en spelar av motsett kjønn (ikkje reine gutte/jente lag).

-         SKAL spele i drakt/kostyme som ”matcher” kvarandre.

-         Spelarane må være frå 8. klasse og oppover.

-         Ei stor bedrift kan stille med maks 2 lag.

-         Kan lage eit ”tulle-lag”, men dei må ha eit tema. (Berre å bruke kreativiteten)

-         Kvart lag må ha ein lagkaptein.

-         For små bedrifter/organisasjonar er det lov å ha med 2 andre utanfrå for å fylle opp laget.

 

Dette er meint å vere ein dag der vi skal ha det skikkeleg moro, og vi håpar på at mange melder seg på! Vandrepokalane vert gjeve til vinnaren av cupen samt til laget som lagar best ”show”. Kampane blir på 10 min kvar. Viss det er uavgjort etter full tid blir det 3 straffespark pr. lag.

 

Siste frist for påmelding er 28. juni kl. 23:59

Vi kjem til å gjennomføre trekning den 29. juni om gruppespelet. Kanskje trekning på Joker Bulandet - vi får sjå. Vinnarane i fjor må huske å levere inn att vandrepokalane.

 

Kr. 20,- i inngangsbillett for spelarar og publikum. Gratis inngang for elevar under skulealder. Sal av brus, kaker og kaffi i ”Allabua”. Kakelotteri på billetten, samt høve til  å kjøpe fleire lodd om ein ønskjer å støtte idrettslaget!!! :-)

 

Påmelding til Eivind Norstrandtlf. 47617198 eller på mail: eiagutten@hotmail.com

 

PS: Det blir dans i ungdomshuset om kvelden i regi av

Bulandet ungdomslag – ein kjekk avslutning på dagen!! :-)